Kork kammer - Dansk aften

21. Apr

19:00 | 2026

21. Apr

19:00 | 2026

Tickets
Tickets
Chamber music

Share

Address

Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1,
0340 Oslo

Kork kammer - Dansk aften

Description

Konsertmeister Jon Gjesme med musikarar frå Kork Niels W. Gade: Strykeoktett Meir dansk kammermusikk. Detaljar kunngjerast snart. Jon Gjesme er konsertmeister i Kork, men berre halve tida. Han er og konsertmeister i Sjælland symfoniorkester, også kalla Copenhagen Phil. Der har Gjesme vore i mange år, og han har blitt godt kjend med dansk musikk i mange formar. No tar han med seg eit verk av ein av dei viktigaste danske komponistane. Niels Wilhelm Gade (1817-1890) blir rekna som ein pioner i det danske musikklivet. Han var ein hylla komponist og dirigent, ven med både Schumann og Mendelssohn, og han skulle og bli ein viktig inspirasjon for Edvard Grieg. Københavnaren grunnla og det framleis vel akta musikkonservatoriet i byen. Oktetten for åtte strykarar skal spelast i Store studio, så vidt vi veit, for første gong. Gade komponerte det herlege og sprudlande verket i 1848, og ein må vel tru at han fekk inspirasjon frå strykeoktetten til hans gode ven Felix Mendelssohn. Det skal bli meir dansk kammermusikk på konserten. Du får snart vite kva, men det blir garantert «dejlig» å vere publikum i Store studio denne kvelden.

Share

More classical concerts in Oslo

Scandinavia's largest newsletter about classical music

Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.