Share
LISTEN TO MUSIC BY THE CONCERT'S COMPOSERS
Create a free Live Klassisk account to listen
Address
Dobbelt britisk - Britten og Händel
Janina Kronberger
,Magnus Boye Hansen
Description
Christian Blex, dirigent Janina Kronberger, fiolin Magnus Boye Hansen, bratsj Georg Friedrich Händel: Music for the Royal Fireworks Benjamin Britten: Konsert for fiolin, bratsj og orkester Benjamin Britten: Young Person’s Guide to the Orchestra Etter dirigenteksamen med Kork i 2025, er det unge dirigenttalentet Christian Blex invitert tilbake til Kork. Trass sin tyske bakgrunn, er programmet heilt engelsk (sjølv om Händel blei fødd i Tyskland, då). Ein gnistrande start får vi i fyrverkerimusikken til Georg Friedrich Händel, skrive i 1748 for å feire fredsslutninga etter den austerrikske arvefølgjekrigen. Fyrverkeriet var det ikkje mykje futt i, men musikken til Händel, med alle sine sprudlande dansar er blitt ståande som eit av dei mest spelte barokkverka nokosinne. 200 år seinare er det ein annan komponist som blir lagt merke til i England. I 1932 er den bråmodne Benjamin Britten berre 18 år og elev på Royal College of Music. Han har nett gått i gang med ein dobbeltkonsert for fiolin, bratsj og strykarar. Han er ikkje heilt nøgd med framdrifta og verket blir ikkje gjort ferdig før over 20 år etter at Britten er død. Konserten har sidan 1997 blitt spelt med ujamne mellomrom, og nå er det to musikarar i Kork som er solistar i denne openberringa av eit ungdomsverk. Det andre stykket av Britten er nok meir kjend, og det komponerte Britten for ein pedagogisk film om instrumenta i orkesteret i 1946 (same år som Kork blei stifta). Musikken er skrive over eit særs fengjande tema av barokkomponisten Purcell, og undervegs får lyttarane lære om instrument og instrumentgrupper. Den verbale delen av Young Person’s Guide vil bli ivaretatt av Kork-musikarane sjølve. Konserten kan du høyre både i Store studio og på Biorama i Holmestrand.
Share
Programme:Georg Friedrich Händel: Musikk til det kongelige fyrverkeriet · Benjamin Britten: Dobbeltkonsert for fiolin, bratsj og orkester · Benjamin Britten: Young Person's Guide to the Orchestra
Scandinavia's largest newsletter about classical music
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
