21. Aug
16:00 | 2026
Nasjonalmuseet
Oslo
Save
Recommend
Listen
21. Aug
16:00 | 2026
Nasjonalmuseet
Oslo
Share
LISTEN TO MUSIC BY THE CONCERT'S COMPOSERS
Create a free Live Klassisk account to listen
Address
Terry Rileys In C (avlyst pga. regn)
Description
Dei nye bachelorstudentane framfører Terry Rileys «In C» og to songar for kor som avslutning på oppstartveka. Konserten foregår på plassen foran Nasjonalmuseet. Ved Noregs musikkhøgskole startar førsteårsstudentane på bachelor med samspel og kor frå første dag. Konsertane denne fredagen er eit resultat av fem dagar med samspel og samsang. Dette er den andre av to konsertar – den første er i Georg Sverdrups hus På Blindern (UiO) kl. 12:00. In C In C, av den amerikanske komponisten Terry Riley (1935–) har blitt eit ikonisk verk i den klassiske samtidslitteraturen og blir rekna som eit av dei første stykka i minimalistisk stil. In C blei komponert i 1964 og har sidan blitt tolka og framført av ei rekke artistar på tvers av ulike sjangeruttrykk. Verket består av 53 korte musikalske fraser, der kvar frase blir gjentatt vilkårleg av musikarane i ensemblet, med stor grad av individuell fridom. Stykket har inga fastsatt varigheit og komponisten angir heller ikkje ein fast instrumentasjon eller kor mange musikarar som skal spele. Med andre ord ligg det til rette for ei særeiga framføring når skolens nye studentar, med feler, el-gitarar, klarinettar og trompetar gjer enda ei ny tolking under leiing av Kjell Tore Innervik og John Vinge. Kor Koret blir instruert og dirigert av viserektor Vivianne Sydnes. Edvard Grieg (1843–1907): Ave maris stella Sommerro/Pedersen: Bruremarsj frå Valsøyfjord CC: Gratis Foto: Sondre Strømdal
Share
Programme:Terry Riley: In C · Edvard Grieg: Ave maris stella · Sommerro/Pedersen
Scandinavia's largest newsletter about classical music
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
