About the concert
FOLKEMUSIKK, NY MUSIKK OG IMPROVISASJON Terra Incognita er det siste av fleire samarbeid mellom hardingfele-nybrotsmannen Erlend Apneseth og komponist Ørjan Matre. Begge arbeidar i skjeringspunktet mellom innovasjon og tradisjon. Apneseth sin oppfinnsamme trio blandar lyden av norsk folkemusikk, jazz og elektronika. På festivalen Ultima får Terra Incognita si verdspremiere og Erlend Apneseth Trio speler med BIT20 Ensemble for første gang. Her presenterer dei materiale Matre har komponert basert på lydfilar han har fått sendt frå Apneseth. Allereie kvelden etter verdspremiera reiser verket vestover til Bergen der det vert satt opp på Fana Kulturhus. Med utgangspunkt i arkivopptak av norsk folkemusikk og folkedans – blant dei «Alt forvandles til støv» - skapar Terra Incognita eit rom for oppdagingar og moglegheiter, der moderne komposisjon møtar folkedans og improvisasjon. Det er klart for ei unik musikalsk oppleving i ukjend terreng. Erlend Apneseth & Ørjan Matre Terra Incognita (60”) Trond Madsen Dirigent BIT20 Ensemble Erlend Apneseth Hardingfele Øyvind Hegg-Lunde Perkusjon, elektronikk Stephan Meidell Gitar, elektronikk
Programme
Performers
- BIT20
- Trond Madsen
- Erlend Apneseth
- Øyvind Hegg-Lunde
- Stephan Meidell
More concerts nearby
The newsletter about classical music across the Nordics
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.

