Mozart for to

5. Feb

18:00 | 2026

Tianyi Lu

,

Mikkel Berg-Eriksen

,

Sebastian Egebakken Svenøy

Save

Recommend

Listen

Symphonic
Conservatory students

5. Feb

18:00 | 2026

Tickets
Tickets
Symphonic
Conservatory students

Share

LISTEN TO MUSIC BY THE CONCERT'S COMPOSERS

Create a free Live Klassisk account to listen

Address

Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1,
0340 Oslo

Mozart for to

Tianyi Lu

,

Mikkel Berg-Eriksen

,

Sebastian Egebakken Svenøy

Description

Program: Louise Farrenc: Ouverture nr. 2 Wolfgang Amadeus Mozart: Konsert for to klaver og orkester Johannes Brahms: Serenade nr. 1 Tianyi Lu, dirigent Mikkel Berg-Eriksen, piano Sebastian Egebakken Svenøy, piano Det er to unge musikarar som inntar solistplassane i Store studio, og det fortent. Både Mikkel Berg-Eriksen og Sebastian Egebakken Svenøy er prisvinnande pianistar. Mikkel blei Årets musikar i Ungdomens musikkmeisterskap i 2025 og året før blei Sebastian vinnar i NRK-konkurransen Virtuos og deltakar i Eurovisjonskonkurransen for unge musikarar. Ein del av premien var eit solistoppdrag med Kork, og kvifor ikkje la dei spele saman i ei sprudlande dobbeltkonsert av sjølvaste Mozart? Vi spår virtuoseriar og speleglede på høgt nivå. Kork ønsker òg velkomen for første gong Tianyi Lu frå New Zealand (fødd i Kina). Ho stigar raskt på dirigenthimmelen, blant anna etter at ho vann Sir Georg Solti International Conductors' Competition 2020. Ho skal leie Kork i eit tidleg symfonisk verk av Johannes Brahms. Historia fortel oss at Brahms brukte lang tid på å skrive sin første symfoni. Den kom i 1876, men tjue år før det skriv han eit langt symfonisk verk i seks satsar som han kallar Serenade. Kan hende han kjende at ordet symfoni blei for ambisiøst? Eller var det slik at ein serenade, slik forgjengarane hans skreiv dei, var lettare og meir underhaldande i stilen. Då blei det litt lettare alt saman, utan å seie at han prøvde å kopiere dei store. Samstundes er Serenaden strålande musikk i seg sjølv. Brahms er allereie ein meister på melodi og orkesterklang . Og ein Serenade skal jo vere til glede, så det er ein «gemütlig» Brahms vi møter her. Konserten opnar energisk med ein ouverture av ein dei få franske kvinnelege komponistane vi kjenner frå 1800-talet. Louise Farrenc var pianolærar på konservatoriet i Paris i fleire tiår og skreiv musikk i mange formar, jamvel symfoniar.

Share

More classical concerts in Oslo

Scandinavia's largest newsletter about classical music

Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.