Amerikansk musikk i lys og mørke

Kringkastingsorkestret, Holly Choe, Charlotte Henry
Thursday 26 March 2026, 18:00NRK - Store studio, Oslo

About the concert

Holly Choe, dirigent Charlotte Henry, kontrabass Aaron Copland: Appalachian Spring, ballettversjon Missy Mazzoli: Dark with excessive bright Igor Stravinskij: Scènes de ballet Holly Hyun Choe er den nye sjefdirigenten i Kork, og her møter ho den nye kontrabassisten i Kork: Charlotte Henry. Ho er virtuos solist i eit vakkert og spanande verk av den amerikanske komponisten Missy Mazzoli. Mazzoli dreg oss inn i ei verd inspirert av musikk frå barokken og renessansen og let solisten spele syngjande melodiar som på same tid lyder kjend og ukjend. Den «umoglege» tittelen om eit lys i mørket er henta frå diktverket Paradise Lost av John Milton. På same tid ligg det ein inspirasjon frå eit av dei djupaste instrumenta i orkesteret, som òg er i stand til å skape klangar av lys. Missy Mazzoli er ein av dei mest omtala og ønska komponistane i verda for tida. Ho blei kjend for eit norsk publikum da ho blei den første kvinnelege komponisten som fekk ei opera sett opp på Hovudscena på Den Norske Opera (The Listeners i 2022). Det går ei amerikansk line gjennom konserten, og for mange er musikken til Aaron Copland sjølve lyden av det amerikanske (ikkje minst har han påverka musikken i westernfilmar.). Appalachian Spring frå 1944 var ei bestilling frå den legendariske dansaren Martha Graham. Balletten er ein hyllest av dei amerikanske nybyggjarane i Pennsylvania, og musikken har fleire folkelege element, til dømes den kjende kveker-melodien Simple Gifts. Stravinskij skreiv sine «Ballettscener» i same år, 1944, då han budde i Amerika. Det kan hende vi merker noko av amerikansk kultur sive inn i musikken, men som alltid med Stravinskij: Det er mest Stravinskij. Musikken er likevel svært underhaldande og utan dei skarpe kantane. Det heile endar i ei stor stigning, ei apoteose, som kanskje speglar komponistens glede over at krigen nærma seg slutten. Komponisten lytta til radio og fekk høyre at Paris igjen var ein fri by.

Programme

Performers

Kringkastingsorkestret
Ensemble

Kringkastingsorkestret

Symphony orchestra · Oslo
See Kringkastingsorkestret
Musicians
  • Holly Choe
  • Charlotte Henry

LISTEN TO MUSIC FROM THE CONCERT

Create a free Live Klassisk account to listen

More classical concerts in Oslo

The newsletter about classical music across the Nordics

Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.