About the concert
Dechopol Kowintaweewat og Magnus Boye Hansen, fiolin Sverre Barratt-Due, cello Charlotte Henry, kontrabass Hilde Mentzoni, klarinett Embrik Snerte, fagott Fritz Pahlmann, horn Gioachino Rossini: Sonata a Quattro nr. i G-dur Ludwig van Beethoven: Septet in Ess dur, op. 20 Ein av dei nyaste fiolinistane i Kork er Dechopol Kowintaweewat, og på den siste kammerkonserten i sesongen trommer han saman gode kollegaer i Kork til ein munter og virtuos kveld i Store studio. Septetten av Beethoven har vore ein populær gjengangar på kammerkonsertane til Kork, men det er musikk som alltid spreier glede. Verket blei raskt populært etter at det blei komponert i 1799, så populært at Beethoven syntest det blei for mykje av det gode. Han hadde jo andre, meir seriøse verk han ville skape blest om. Septetten er i alle tilfelle både raffinert og energisk musikk, med nok av musikalske utfordringar til alle sju. Vi ser fram til ei ny og frisk tolking med eit stjernelag frå Kork. Opninga er meir sjeldan å høyre, ein av strykersonatane til italienaren Rossini, mest kjend som ein av dei store operakomponistane. Berre fem år etter septetten til Ludwig, skriv 12-åringen Gioachino seks strykersonatar (to fiolinar, cello og kontrabass). Det er sprudlande musikk som verkeleg fortener å høyrast!
Programme
Performers
LISTEN TO MUSIC BY THE CONCERT'S COMPOSERS
Create a free Live Klassisk account to listen
The venue: NRK - Store studio
More concerts nearby
The newsletter about classical music across the Nordics
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
