23. Jan
18:00 | 2026
23. Jan
18:00 | 2026
Share
LISTEN TO MUSIC BY THE CONCERT'S COMPOSERS
Create a free Live Klassisk account to listen
Address
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1,
0340 Oslo
Antje Weithaas spelar Beethoven
Antje Weithaas
Description
Antje Weithaas, fiolinsolist og leiar Program: Franz Schubert: Symfoni nr. 7 (8), den ufullendte Ludwig van Beethoven: Fiolinkonsert Kork har fått ein fin tradisjon med å spele utan dirigent, men med ein spelande leiar. Det har vore spanande og interessant å høyre korleis musikarane formar musikken når dei ikkje har ein viftande frontfigur. Aktiv lytting og samarbeid er nokre av stikkorda. Den inspirerande leiaren og solisten denne gongen er ein verdsstjerne. Den tyske fiolinisten Antje Weithaas har spelt med alle, dei store orkestera og musikarane. Ho er kjend for sine innsiktsfulle tolkingar av musikk i alle sjangrar, men med Kork er det to klassikarar som skal glede publikum i Store studio. Franz Schubert skreiv sin «ufullenda symfoni» i 1822 (om det er nr. 7 eller 8. diskuterast av dei lærde), og heilt sikre blir vi aldri på kvifor det berre er to satsar (i staden for fire). Kanskje Schubert ikkje ville ha fleire? Ettertida har i alle høve rekna den som eit meisterverk og er kanskje den symfonien som blir framført mest. Rosina i den musikalske pølsa er ein av dei store fiolinkonsertane, breiddfull av melodisk venleik og lange linjer. Beethoven skreiv den i 1806, og nok ein gong viste han verda ein ny veg for korleis ei fiolinkonsert kunne skrivast. Her får Antje Weithaas demonstrert kvifor ho er ein av verdas mest etterspurde orkesterleiarar og solistar.
Share
Programme:Franz Schubert: Symfoni nr. 8 · Ludwig van Beethoven: Fiolinkonsert
Scandinavia's largest newsletter about classical music
Get an overview of upcoming concerts, festivals and selected recommendations from across the region.
